SkoleMagasinet nr2

20 N K U L 2 0 2 4

Spennande start for barnehagesporet

Etter nokre år der det knapt har vore ein einaste møteplass for dei som ønskjer å dele erfaringar i bruk av digitale verktøy i barnehagen, fekk dei i år eit eige spor på NKUL.

Vidar Alfarnes (tekst og foto)

Minisymposiet om profesjons- fagleg digital kompetanse i bar- nehagen, torsdag før lunsj.

– Engasjerte sesjonar, fine tilbakemeldingar og godt håp om at dette var starten på noko nytt og viktig for barnehagesektoren, smiler Ståle Skagen oppsummerande. Han er sjølv pedagogisk leiar i Ila barnehage, og medlem av programkomiteen i NKUL. Ska- gen er også kjent for å vere ein særs aktiv kurs- og føredragshaldar. Veldig ofte i kompa- niskap med kollega Geir Valøen. Saman kom dei i fjor ut med boktittelen «Kom i gangmed digitale verktøy i barnehagen». Dei har også motteke tre nasjonale prisar for arbeidet sitt. Mellom anna Gullepleprisen frå NPeD i 2020. Tøffe tider Fram til og med 2021 var det ein konferanse som heitte «Digital Arena Barnehage», som vart arrangert i seks norske byar. Sidan har det vore stille. – Eg har diskutert det ei stund med prosjekt- leiar Irene Thangstad Andersen, og vi fann ut at dette måtte vi prøve å få gjort nokomed. Det enda med eit eige barnehageprogram to av tre NKUL-dagar, og kring 60 deltakarar frå store deler av landet. Det er ikkje til å leggje skjul på at barnehage- sektoren slit med rekruttering. Vikarbyråa er

også tomme for folk, og det er ikkje lett å sende tilsette på kurs og konferansar. Ekstra viktig –Men vi må ikkje gløyme at barnehagane har klare styrings- dokument som seier at vi skal jobbe med digitale verktøy. I

desse dagar er det ekstra viktig å få fram bodskapet om at slik bruk på ingen måte er pasifise- rande, eller hindrar den motoriske utviklinga til barna. Brukt rett er dette berre med på å utvide den totale verktøykassa for å skape endå fleire gode opplevingar i barnehagekvar- dagen, slår Skagen fast. I sin opningstale til årets NKUL snakka ordfør-

kommunen. For det er ingen tvil om at vi har folk med svært stor kompetanse på det digi- tale feltet. Trondheim som kommune er like fullt langt i bakleksa når det kjem til digitalise- ring innanfor barnehagesektoren. Veldig mange kommunar har kome milevis lenger, melder Ståle Sagen.

aren i Trondheim, Kent Ranum (H) varmt om det dei har fått til i Ilebekken barnehagar (som også inkluderer Ila). – Det er ikkje første gong vi vert dregne frem i festtalar. Men det stoppar der. Tenk omvi også kunne fått nokre ekstra midlar til innovasjons- arbeidet vårt. Rett og slett kopla oss meir på

Det nye barnehagesporet Her har vi samla svært mange av deltakarane under årets NKUL. – Tilbakemeldingane er gode. Målet er at dette skal bli ein del av NKUL i åra som kjem, seier initiativtakar Ståle Sagen.

S K O L E M A G A S I N E T 2 / 2 0 2 4

Made with FlippingBook Digital Publishing Software